Steg 6: Involver andre tenester Moglege vegar vidare:RessursteamFor å kunne drøfte i ressursteam, er det naudsynt med samtykke frå foreldra og ungdom over 16 år (sjå eige skjema; steg 5 – mal – samtykke tverrfagleg) (DOCX, 30 kB) Barnehage/skule har moglegheit til å drøfte anonymt om det ikkje blir gitt samtykke. Foreldra og barnet/ungdommen skal bli spurt om dei ønsker å delta. I møtet blir perspektiv og tiltak drøfta i fellesskap. Det er alltid aktuelt å sjå på tiltak i barnehage/skule, heime og fritid parallelt. Dokumenter i eige dokumentasjonssystem. Ansvarsgruppe/koordinator Vurder saman: Bør det opprettast ansvarsgruppe med koordinator? Har barnet/ungdommen rett og ønske om individuell plan (IP)? Har barnet/ungdommen rett på barnekoordinator? Koordinerande eining (KE) skal få informasjon om det blir oppretta ansvarsgruppe. Vurder om det skal bli sendt søknad til KE om IP, ansvarsgruppekoordinator og/eller barnekoordinator i tråd med helse- og omsorgstenestelova. Ønske om hjelp utan involvering av mange tenester: Det kan skje at foreldre/ungdom over 15 år ønsker vidare hjelp utan å involvere andre tenester. Vurder om det er fagleg forsvarleg og til barnet sitt beste, eller om det utløyser meldeplikt til barnevernet (sjå steg 7).Ikkje ønske om vidare hjelp eller involvering frå andre instansar Foreldre/ungdom ønsker ikkje vidare tiltak eller hjelp Vurder om det er fagleg forsvarleg og til barnet sitt beste, eller om det utløyser meldeplikt til barnevernet (sjå steg 7).Handtering: Inviter tenestene det er gitt samtykke til å samarbeide med og jobb etter malen steg 5 – Evaluering av oppfølgingsplanen. (DOCX, 26 kB) Se vedlegg Steg 6: Mal - Kartleggingsskjema (DOCX, 37 kB) for tverrfagleg vurdering av risiko- og beskyttelsesfaktorar. Gå til steg 7 for vurdering av meldeplikt, om føresette/ungdom ikke vil ta imot hjelpetiltak. Lenker Oversikt - foreldrerettleiing - foreldrestøttande tiltak - Bykle og Valle (PDF, 209 kB)Ressursteam i ByglandRessursteam i VallePedagogisk Psykologisk teneste for Setesdal Helsestasjon og skulehelseteneste i Bykle og ValleHelsestasjon og skulehelseteneste i ByglandPsykisk helse og familiestøtte i Bykle og VallePsykisk helse og rus i ByglandSetesdal Barnevern Koordinerande eining i ValleKoordinerande eining i BykleABUP - Sørlandet sykehus HABU - Sørlandets sykehusTiltakskatalog barnvernet Oppvekstomudet i agder Vedlegg Steg 6: Mal - Kartleggingsskjema (DOCX, 37 kB) Publisert 23.01.2024 16:28 Sist endra 09.07.2024 07:45