Søkje på eigahand

Nokre byggetiltak kan du sende inn søknad om sjølv. Her er ein rettleiar for korleis du søkjer om byggetiltak på eigahand.

1. Sjekk om du må sende inn byggesøknad 

Sjekk først om du må søke, om du kan søke selv eller om fagfolk må søke for deg.

2. Sjekk planar og bestemmelsar for din eigedom 

Før du bygger, riv eller endrar må du sjekke kva planar og bestemmelser som gjelder for eiendommen din. Planer og bestemmelser er avgjerande for kva du kan gjere av endringar og kva du kan bruke bygget på eigedomen din til.

3. Samle alt du du må ha med i byggesøknaden

  • Skriv ut situasjonskart via e-torg og teikn byggetiltaket med mål inn på dette kartet
  • Få nokon til å teikne tiltaket for deg, eller teikn sjølv. Teikningar som skal vere med søknaden er fasadetegninger med mål,  planteikningar og snitt-teikningar. Det vert stilt krav om at teikningane er godt utført

Teikningar og situasjonskart kan lastast opp i den elektroniske søknaden, eller sendast til oss på papir per post til Valle kommune, Postboks 4, 4746 Valle.

Dersom kommunen tidligere har teikningar frå eigedomen din kan du bestille kopi av disse via tjenesten e-torg .

4. Varsle naboane dine 

Når du har samla alle dokument du treng i byggesøknaden din, må du varsle naboar. Du treng ikkje varsle naboane om du skal gjere mindre arbeid som dei ikkje vert påverka av.

Etter at varsla er sendt, skal naboane få minst 14 dagar til å uttale seg om tiltaket. Naboane skal sende sine kommentarer (merknader) evt. tillegg. 

Kjøp eNabovarsel i e-Torg Viss du vil sende elektronisk nabovarsel. Naboane får varselet i Altinn

Bestill naboliste på e-Torg Viss du vil sende nabovarsel manuelt

Viss du ikkje kan sende inn nabovarsel elektronisk, finn du søknadsblankettar på direktoratet for byggekvalitet sine nettsider.

Dokumentasjon som må vere med i nabovarselet:

  • ein kopi av nabovarselet
  • ei kvittering som viser at naboane har mottatt varselet
  • eventuelle merknader frå naboane
  • eventuell grunngjeving for at naboane ikkje er varsla

5. Send inn søknad

Søknaden kan sendast inn til kommunen på ulike måter

  • Via eByggesøk som er ein elektronisk løysing kor søknaden vert sendt inn via AltInn. eByggesøk er gratis å bruke for søknader i Valle kommune.

Send inn elektronisk søknad via eByggesøk

Dersom du ikkje kan sende søknaden elektronisk, kan du sende den tll Valle kommune, postboks 4, 4746 Valle.

Mindre byggeprosjekt

Direktoratet for byggkvalitet (DIBK) har laga ei oversikt over enkle skjema for nabovarsling og byggesøknad for mindre byggetiltak.

Søknadsskjema for mindre byggetiltak på boligeiendom

Viss du ikkje kan sende inn byggesøknaden elektronisk, finn du søknadsblankettar på direktoratet for byggekvalitet sine nettsider.  

Veiledning fra Direktoratet fra byggkvalitet

Direktoratet for byggkvalitet  (DIBK) har laga ein rettleiar for kva som må gjerast når du skal søke på eigahand