Steg 2: Samtale med barn

 

 

Kvifor er det viktig å snakke med barnet?

Ifølgje FNs barnekonvensjon har barn rett til medverknad i alt som angår dei. Gjennom samtale kan vi få fram viktig informasjon om korleis barnet eigentleg har det, både heime og på andre arenaer. Vi må tenkje oppdaging framfor oppdragelse av barn. Dialogen gir oss moglegheit til å utforske barn si livsverd og korleis dei ser på verda.

Kven skal snakke med barnet?

Generelt skal alle som jobbar med barn ha fokus på å samtale med dei. Dersom barnet ikkje har byrja å opne seg for nokon, kan ein ta det opp i personalgruppa som står barnet nærast og prøve å kome fram til kven barnet er tryggast på.

Når skal ein snakke med barnet?

Dersom barnet har byrja å opne seg, bør det leggjast til rette for å halde fram samtalen med ein gong. Fortrolige øyeblikk er skjøre, og det gjeld å gripe høvet når det er der. Dersom vi stressar eller styrer for mykje, blir stunden ofte øydelagd. Ta deg tid, vindauget hos mange barn kan vere kort.

Dersom barnet ikkje har byrja å opne seg, og ein er bekymra på bakgrunn av opplysningar eller observasjonar; snakk med barnet så fort som mogleg og fleire gonger om naudsynt. Det er ingen grunn til å vente på at ein skal bli ytterlegare bekymra.

Korleis snakke med barnet?

Førebu samtalen om du har høve til det:

  • Om mogleg, ha klart noko barnet kan ha fokus på. Det kan vere noko å fikle med, teiknesaker, figurar eller liknande.
  • Kva er formålet med samtalen?
  • Kva tema kan antakast å vere viktige for barnet? (Førebere ulike spørsmål i tilfelle du blir ståande fast)
  • Kva kan ein forvente gitt barnet sitt utviklingsnivå?
  • Korleis har barnet det no?
  • Kva forestillingar og forventningar har barnet om kva som skal skje vidare?
  • Kva kan og bør gis av informasjon?
  • Korleis avslutte samtalen på ein ivaretakande måte overfor barnet?


Still opne spørsmål så langt det er mogleg, prøv å oppfordre til fri forteljing. "Fortell meir om det? Kva skjedde då? Korleis var det for deg?" Unngå å kommentere, vurdere og tolke det barnet seier.

Om det stoppar opp, gjenta det siste barnet seier. Det er bekreftande, og det kan av og til føre til at barnet held fram der det slapp.

Ver nysgjerrig og interessert, vis at du bryr deg og at du tåler å høyre.

Pass på at du ikkje tar over samtalen med dine eigne tankar og meiningar. Vi vaksne har lett for å snakke bort fortrolige øyeblikk. Det er vi som burde høyre etter og la barnet snakke ferdig. Det er òg viktig å være bevisst kva som er dine følelsar og kva som er barnet sine følelsar.

Å lytte er noko anna og meir enn "å høyre". Det inneber å vere oppmerksam og å vere stille, vente og følgje med den andre. Det inneber å få med seg både den verbale og den nonverbale kommunikasjonen.

Oppsummer din forståing for barnet og sjekk ut om du har oppfatta rett. "Eg høyrde/oppfatta at.." i staden for "du sa.."

Vaksne har ofte ein tendens til å snakke i for lange sekvensar, dei reagerer for raskt på barnet sine utspel og toler dårleg pausar. Det kan vere nødvendig å roe ned eige tempo, risikere litt snubling i språket, tåle både korte og lengre tenkepausar og korte ned eigen snakketid.

Alltid vurder kva som er til barnet sitt beste. Aldri lova at du ikkje skal seie vidare det barnet fortel deg.

Det kan vere vanskeleg for oss å snakke med barn om vanskelege ting. Men det verste du kan gjere er å la vere å gjere det. Øv deg i kvardagen når det ikkje er noko spesielt, snakk med barna om mykje, til dømes kropp, grenser, kjensler, gode hemmelege ting og vonde hemmelege ting. Øv på opne spørsmål i kvardagen, det hjelper deg sjølv til å bli meir bevisst, og det hjelper barna til å bli betre forteljarar. For å bli betre på noko, må ein øve, og ein må tåle å feile og lære av det. Ved å unngå å snakke med barn om vanskelege ting vil endå fleire barn hamne under radaren.

Handling:

Dokumenter barnesamtalen i eige dokumentasjonssystem.

Gjer ei vurdering av eigen uro. Er dette ei enkelthending som ikkje treng vidare oppfølging, er det behov for vidare observasjon og samtale, eller skal du gå vidare i rettleiaren ved å kalle inn foreldra til undringssamtale, sjå steg 3. Bruk referatmal for samtale med barn.

Snakkemedbarn.no skal hjelpe deg å øve på samtalar med barn du er bekymra for. 

Er du ferdig med steg 2, gå vidare til steg 3.