Steg 4: Undringssamtale med foreldre - innkalling og gjennomføring

Kvifor er det viktig å snakke med foreldre?

Foreldra er dei som kjenner barnet best og har rett til å vite korleis det går med barnet sitt. Foreldra har ansvar for å følgje med på barnets utvikling.

Før møtet:

Målet med møtet er å skape felles forståing for korleis barnets/ungdommens situasjon er, prøve å skildre eit ønskt framtidsbilete og foreslå tiltak som skal setjast i verk i tenesta og heime.

Avklar kva kollega du skal ha med i samtalen. Foreldre kan ha betre relasjon til nokre i personalet enn andre. Legg til rette når det er mogleg.

Ring foreldra og avtal tidspunkt. Forklar kvifor du kallar inn til møtet, kva du har tenkt på, og ønskjer å drøfte med foreldra. Orienter om kven som deltar frå dykk og at det vil bli nytta ein standardisert skjema som mal for samtalen. (Om foreldra ønsker å sjå samtalemalen på førehand, bør det gis høve til det).

Ved mistanke om vald eller overgrep: Meld direkte til politi og/eller barnevernet utan å informere foreldre. Dersom det er mistanke om vald eller overgrep, kan ein likevel snakke med foreldre om andre ting ein reagerer på, til dømes at barnet ikkje gjer lekser, ikkje har med niste eller har ei utagerande åtferd. Unngå å «samle opp» ting før ein sender ei bekymringsmelding til barnevernet.

Førbered samtalen med tanke på tema og mål. Dersom samtalen ikkje skulle gå som planlagt, kan det være nyttig at ein på førehand har reflektert over ulike handlingsalternativ undervegs.

Gjennomføring av undringssamtale:

  • Ta imot foreldra og ønsk velkommen - hugs vatn og kaffi/te.
  • Sett tidsramme for møtet.
  • Ver kort og konkret i undringsbeskrivinga.
  • Involver foreldra raskt: Kva tenkjer dei om det som er sagt? Korleis opplever dei barnet/ungdommen for tida?
  • Ver forsiktig med å spørje kvifor, bruk heller kva, korleis, kva for.
  • Sensitiv møteleiing: Vis forståing for at ting kan vere vanskelege – ver bevisst på å vise empati og kommunisere empatisk. Husk at du ikkje nødvendigvis eig sanninga og at det kan vere mange forklaringar til at barn eller foreldre har det vanskeleg. Legg merke til foreldra undervegs. Korleis reagerer dei?
  • Oppsummer undervegs og kontroller for felles forståing.
  • Bli einige om mål og ønskt framtidsbilete (sjå mal for oppfølgingsplan for barn og unge).
  • Bli einige om kva som skal gjerast i første omgang av tiltak i barnehage/skule, heime og fritid (sjå mal for oppfølgingsplan for barn og unge).
  • Har ein enno ikkje nok informasjon til å setje inn tiltak/hjelp, bør tiltaket være jamlege samtalar med barnet for å sikre at barnet blir høyrt eller at barnet sjølv kan fortelle. Husk at barnet også skal bli snakka med når ein set inn tiltak, då barnet har rett til å medverke.
  • Avtal evalueringsmøte.

 

Avslutningsvis - spør foreldra korleis dei synest møtet har vore.

Oppsummer møtet, få med eventuelle avtalar som er gjorde, vegen vidare.

Referat frå møtet og eventuelt oppfølgingsplan sendes foresatte.

Handling:

  • Dokumenter innkallinga over telefon i eige dokumentasjonssystem.
  • Dokumenter møtet i referat, med kopi til heimen. Legg ved oppfølgingsplan.
  • Følg opp tiltak avtalt i undringssamtalen/oppfølgingsplanen og følg denne rettleiaren, steg 5.