Steg 7: Bekymringssamtale med foreldre

Før møtet:

Målet med møtet er å formidle at tiltaka ikkje har hatt ønskt effekt og at ein har vurdert sin meldeplikt til barnevernet som utløyst.

Førebu telefonsamtalen der du skal kalle inn foreldra til møtet. På dette tidspunktet har ein vanlegvis hatt fleire samtalar med foreldra, og ein må vere open om at ein no kallar inn til møte på bakgrunn av auka uro og plan om å involvere barnevernet.

Avklar kva kollega du skal ha med i samtalen. I mange tilfelle er det naturleg å ha med leiar. Fordel roller; møteleiar og referent.

Ved mistanke om vald eller overgrep: Meld direkte til politi/barnevern utan å informere foreldre.

Førebere samtalen med tanke på tema og mål. Dersom samtalen ikkje skulle gå som planlagt, kan det vere nyttig at ein på førehand har reflektert over ulike handlingsalternativ undervegs.

Gjennomføring av bekymringssamtale:

  • Ta imot foreldra og ønsk velkommen - hugs vatn og kaffi/te.
  • Sett tidsramme for møtet.
  • Vær tydeleg og konkretiser kvifor du vurderer din meldeplikt som utløyst og at det ikkje er barnets beste å halde fram slik vi gjer no. I nokre tilfelle er det ønskeleg å få tilgang til tiltak som primært ligg i barnevernstjenesten. Bruk "vurderingsskjema ved uro" som utgangspunkt.
  • Etterspør foreldrenes reaksjon på uroen.
  • Sensitiv møteleiing: Dette er vanlegvis ein vanskeleg samtale for foreldra, og ein kan forvente sterke emosjonelle uttrykk. Husk å anerkjenne foreldrenes oppleving og situasjon. Ta ein 5-minuttars pause i møtet ved behov. Dersom situasjonen opplevast trugande, har møteleiar ansvar for å avslutte møtet.
  • Spør om foreldra ønsker å delta i utforminga av bekymringsmeldinga, om dei ønsker å lese gjennom før den sendast, og/eller om dei ønsker at det gjennomførast eit samrådsmøte med barnevernet i overleveringa av bekymringsmeldinga. Det skal sendast kopi til foreldra.
  • Avslutningsvis - spør foreldre korleis dei synest møtet har vore, dersom det er naturleg.
  • Oppsummer møtet, få med eventuelle avtalar som er gjorde, vegen vidare.
  • Referat frå møtet sendes foresatte.
     

Handling:

  • Dokumenter innkallingen over telefon i eget dokumentasjonssystem
  • Dokumenter møtet i referat, med kopi til hjem
  • Utforming av bekymringsmelding  - steg 8
  • Følge opp tiltak videre i tråd med oppfølgingsplanen