Steg 8: Melding til barnevernet

Barnevernet har ikkje høve til å sei om det skal sendadst bekymringsmelding eller ikkje knytt opp til kvar enkelt sak. Kvar enkelt fagperson er pliktige til å vurdere eigen meldeplikt til barneverntenesta. Hugs at du ikkje treng vere 100 % sikker på at barnet lev i alvorleg omsorgssvikt, med vald eller overgrep for å melde til barneverntenesta. Barneverntenesta skal vurdere om meldinga skal undersøkjast. Godt grunngjeve bekymringsmeldingar frå offentlege meldarar vil i all hovudsak alltid bli undersøkt.  

 

Melde som privatperson

Melde som fagperson/offentleg tilsett

Er du barn eller ungdom

 

Bekymringsmøte med barnevernet:  

Det er mogleg å invitere inn barnevernet til fysisk bekymringsmøte i overleveringa av bekymringsmeldinga. Foreldra må få moglegheit til å avgjere om dei ynskjer eit slikt møte med barnevernstenesta og melder i saman. Foreldras ynskje dokumenterast i ditt dokumentasjonssystem.  

Det kan opplevast tryggande for foreldra å få møte barnevernet andlet til andlet utan for mykje ventetid.  

Barnevernet vil då gje informasjon om saksgang og moglege hjelpetiltak til foreldre og melder.  

Handling:  

  • Om det er avtala at foreldra skal få anledning til å bidra i utforminga eller lese gjennom før den sendast, må det følges opp.  
  • Gjennomfør bekymringmøte med barnevernet dersom avtala. Dokumenter i ditt dokumentasjonssystem.  
  • Kopi av bekymringsmelding sendast til hjem/begge med foreldreansvar. Hugs at om du er uroleg for vald eller overgrep skal ikkje foreldra informerast.  
  • Du skal alltid få tilbakemelding frå barnevernet om at dei har mottatt meldinga. Om du ikkje får ein slik tilbakemelding; følg dette opp!
  • Oppfølging og tiltak opphøyrer ikkje sjølv om det er sendt bekymringsmelding til barnevernet.